Månadens pasient - desember 2018 - Zuma
4 dagar før jul hadde vi all grunn til å feire litt på Sogn Dyreklinikk. Denne dagen var nemleg ein viktig milepæl for Zuma – den fyrste cellegiftpasienten vår. Zuma er ei snart 6 år gamal tispe av rasen Bullmastiff. I byrjinga av oktober 2018 vart ho diagnostisert med ein kreftsjukdom som kallast malignt lymfom, og minner mykje om non-Hodgkins lymfom hjå oss menneske. Det som kjenneteiknar denne sjukdommen er kraftig forstørra lymfeknutar og ofte nedsett allmenntilstand. Slik var det òg for Zuma – ho var trøytt og slapp, og mangla appetitt. Eigaren skjønte at noko var alvorleg gale. Vi undersøkte hunden grundig, og sende av garde vevsprøver til eit laboratorium i utlandet. Heldigvis for Zuma synte prøvene at sjukdommen hennar var ein variant som ofte responderer bra på behandling. Utan behandling vil ein slik pasient berre ha om lag 6 veker att å leve. Kortisonbehandling kan forlengje livslengda til 3 månader, medan cellegiftbehandling i dei fleste tilfelle aukar forventa livslengd til heile 12 månader i snitt. Nokre pasientar vil leve betydeleg lengre enn dette, og nokre ytst fåe vil verte heilt kurerte.
Det vanlege behanlingsregimet med cellegift for ein hund med malignt lymfom, er 16 behandlingar som strekkjer seg over heile 25 veker. Dette skremde ikkje eigaren til Zuma. Så straks var vi i gang med fyrste behandling. Heile vegen har Zuma vore i god form – leiken og glad, og med god appetitt. Til kvar einaste behandling kjem ho logrande i ville byks inn klinikkdøra og rundsleikjer oss alle! Då er det ekstra kjekt å kunne konstatere at behandlinga så langt har hatt særs god effekt. Zuma er per i dag i remisjon – det vil seie at ho er symptomfri, og at vi med vanleg diagnostisk utstyr ikkje kan påvise kreft i kroppen hennar. Remisjon er likevel ikkje det same som å være kurert.
Den 20.desember fekk Zuma sin 8. behandling, og er difor komen HALVVEGS i behandlinga si! Vi kryssar fingrane for at denne trivelege pasienten skal fortsette å være i remisjon i tida framover, og at kanskje-kanskje-kanskje ho er ei av dei få som faktisk vert heilt kreftfri…