Avliving

Photo by DenGuy/iStock / Getty Images
Photo by DenGuy/iStock / Getty Images

Å avlive eit kjæledyr ein har hatt i fleire år og som ein er blitt glad i, er ei tung avgjerd og eit stort ansvar. Men når tida er inne, ønskjer vi å vere ei trygg støtte for deg og din firbeinte ven.

Vi hjelper med dei faglege vurderingane av helsa og prognosar for ditt kjæledyr.

Vi vil gjere vårt beste for å møte dyra sine behov og dine ønskjer slik at den siste tida skal bli så fin som muleg.

Etter avliving hjelper vi deg med vidare handtering av ditt dyr. Eitt av alternativa er kremasjon, der ein kan få kjæledyret sin aske tilbake i urne.

Gasta Design