Den Gule Hunden

Om du møter på ein hund som har på seg gult skjerf/bandana eller ei gul sløyfe festa på bandet, så er ikkje dette berre til pynt. Ei slik gul markering tyder enkelt og greitt at ein skal la denne hunden være i fred. Ein skal ikkje late sin eigen hund helse på eller bøye seg ned å helse på den sjølv - «Den Gule Hunden» treng litt meir plass rundt seg enn andre hundar. Det kan være fleire grunnar til at hunden har gult tilbehøyr på seg:

·       Hunden kan være sjuk.

·       Hunden kan ha løpetid.

·       Kan hende er hunden under utdanning til servicehund.

·       Hunden kan ha dårleg erfaring med andre hundar.

·       Kan hende er hunden under rehabilitering.

·       Det kan være ein omplasseringshund som treng å verte trygg på sine nye omgjevnader.

·       Hunden trenast i kvardagskunnskapar.

Kampanjen «Den Gule Hunden» starta i Sverige i 2012, og har sidan spreidd seg til mange andre land. De kan lese meir om kampanjen på http://gulahund.se/norsk/.

På Sogn Dyreklinikk kan ein no få kjøpt gule bandana i tre storleiker og gule sløyfeband. For oss er det viktig å spreie bodskapet om denne kampanjen, då vi har eit sterkt ynskje om at alle hundar skal føle seg trygge. Vi ynskjer òg å førebyggje hundebitskadar - både på folk og på dyr.

Så hugs, neste gong de ser ein hund med gul sløyfe - hald avstand!