Månadens pasient - oktober 2019 - Milan

Milan er ein liten sjarmør med eit stort hjarte. Han er av rasen langhåra chihuahua, og har no fylt 6 år. Dei fyrste 4 leveåra budde han hjå ein stor barnefamilie der han diverre ikkje vart behandla bra. Fysiske avstraffinger og mykje isolasjon i bur gjorde ham særs utrygg. Heldigvis vart han omplassert til ein trygg og god heim der han no lever lukkelege dagar. Framleis tykkjer han små born er skumle, så han har alltid gul sløyfe på bandet sitt når han er ute på tur. Gul sløyfe = Hald avstand.

Med mykje kjærleik og positive treningsmetodar har Milan sin herlege personlegdom no fått bløme. Eigaren hans har hatt planar om å få han sertifisert som besøkshund, slik at han kan spreie glede blant bebuarane på sjukeheimar og andre institusjonar. Men fleire helseproblem den siste tida har sett ein førebels stoppar for dette. Milan har fått påvist både luftrøyrkollaps og epilepsi som no kontrollerast med daglege medisinar. I tillegg måtte han nyleg opererast for eit laust kneskjel i den eine bakfoten. Alle kontrollar på Sogn Dyreklinikk syner at tilhelinga går som den skal.

Utover ein eventuell framtidig karriere som besøkshund, har Milan uansett ei viktig rolle som dagleg psykisk støtte for eigaren sin. Internasjonalt kallar man slike hundar for ESA (Emotional Support Animals), og nemninga byrjar etter kvart også å slå rot her i Noreg. Desse hundane har ikkje dei same rettane som servicehundar, men med tilråding frå psykolog/psykiater kan dei takast med i det offentlege rom (som til dømes butikkar, restaurantar, offentlege transportmiddel og liknande). Det er fantastisk at hundar som Milan, berre ved sitt nærvær, bidreg til at eigaren lettare kan takle utfordrande situasjonar.

Vi ynskjer Milan god betring, og lukke til med framtidige prosjekt!

Ingjerd Leirstein Bøkenes