Månadens pasient - mai 2020 - Troll
Denne månaden hadde vi inne eit litt uvanleg kasus. Hunden Troll, ein utruleg godlynt
og triveleg 1 år gamal Breton, kom til oss med noko diffuse symptom. Eigarane
hadde lagt merke til at hunden ikkje hadde vore heilt seg sjølv dei siste to
dagane. Han var ikkje lenger ivrig etter å gå tur, og ikkje var han så lysten
på maten heller. Han hadde kasta opp, og stod mykje med krumma rygg. Det kunne
sjå ut som han hadde magesmerter. Då vi undersøkte han på klinikken hadde han
høg feber. Elles var det ingenting som tyda på at det var noko gale med
mage/tarmsystemet - Troll hadde rosa og fine slimhinner, god væskebalanse og
reagerte ikkje med smerte då vi trykte på buken hans. I tillegg åt han gladleg
godbitar på undersøkingsbordet. Testen for bukspyttkjertelbetennelse var
negativ og urinanalysen var heilt normal. Det var rett og slett litt frustrerande.
Men ein blodprøve avslørte at Troll hadde eit såkalla infeksjonsbilete i
kroppen - høg mengd kvite blodceller og særs høg CRP. Sistnemnde er ein markør for kor kraftig betennelses- eller infeksjonsreaksjonen er. Vi hadde diverre ingen konkret diagnose, men fordi Troll var såpass dårleg, valde vi å setje i gang symptomatisk behandling med febernedsetjande medisin og antibiotika. Troll fekk reise heimatt, men eigarane
fekk beskjed om å ta kontakt med oss om han skulle verte verre.
Neste morgon var eigarane til Troll redde for at hunden deira kom til å døy! Troll stod mest berre på golvet og skalv. Vi tok straks imot han på klinikken. Der tok vi røntgen av nakke,
bryst og buk, men fann ingenting gale. Det var først då eg byrja å bøye nakken
hans eg endeleg forstod kva som feila han. Troll skreik nemleg i smerte! Ekstreme
nakkesmerter og nakkestivheit kombinert med høg feber er symptom på HJERNEHINNEBETENNELSE. Hjå menneske fryktar ein den smittsame, bakterielle forma for
hjernehinnebetennelse. Heldigvis er dette noko vi veterinærar sjeldan treng å
bekymre oss for, då dei fleste hundar i Noreg er vaksinerte. Men ein steril eller aseptisk
form for hjernehinnebetennelse er ein diagnose vi stiller av og til. Dette er
ein sjukdom der immunforsvaret til hunden angrip sine eigne celler - ein
såkalla auto-immun sjukdom. Vi veit ikkje heilt årsaka til at nokre
hundar utviklar denne sjukdomen, men vi ser at den er mest vanleg hjå unge
hundar (6-18 månader). Alle rasar, inkludert blandingshundar, kan rammast, men i
Noreg ser vi at til dømes Nova Scottia Duck Tolling Retrieverar er meist utsett.
Det var godt å vite kva som feila Troll. Då kunne vi starte opp med rett behandling
- nemleg KORTISON. Han fekk ei sprøyte på klinikken, og eigarane fekk med seg
tablettar til ein 8 veker lang kur. Allereie neste dag var Troll nesten symptomfri!
Vi tok han inn til kontroll 3 dagar seinare, og då oppførte han seg heilt som
normalt. Ein ny blodprøve synte at CRP-verdien var meir enn halvert. Alt tyder
på at Troll kjem til å verte heilt frisk, og vi kryssar fingrane for at han ikkje
får tilbakefall når behandlinga er avslutta.