Smitteførebyggjande tiltak på Sogn Dyreklinikk

Grunna den nylege auka i talet på koronasmitta personar her i landet, ysnkjer vi no på nytt å fokusere på dei smitteførebyggjande tiltaka på Sogn Dyreklinikk. Det er særs viktig at ALLE gjer sitt beste for å hindre spreiing av viruset.

  • Alle som kjem innom klinikken må desinfisere hendene sine med sprit frå dispenser på veggen rett innafor inngangsdøra.

  • Vi ber dykk vente utafor om de ser at det allereie er ein kunde på venterommet.

  • Vi freistar å alltid halde 1 meters avstand.

  • Det er ynskeleg at de kjem åleine med dyret, slik at det ikkje vert for mange folk inne på klinikken til einkvar tid.

  • Om de ikkje føler dykk friske, må de få hjelp av andre personar til å komme med dyret til oss.

I tillegg til dette er vi også ekstra påpasselege med hygienen og reinhaldet på klinikken i desse dagar.

Ingjerd Leirstein Bøkenes