Månadens pasient - januar 2021 - Luna

Epilepsi er ein sjukdom som råkar om lag 1-2 % av hundepopulasjonen her i landet. Nokre rasar er meir utsett enn andre. Det finnast mange årsaker til epilepsi - den vanlegaste er det vi kallar idiopatisk eller uforklarleg epilepsi. Vi trur at dette epilepsisyndromet har ei genetisk årsak. Nervecellene i hjernen vert overaktive, og dette fører til alt frå plutseleg stivheit og krampar i deler av kroppen til kraftige krampar der heile kroppen er involvert. Ved klassiske epilepsianfall vil hunden ofte frode or kjeften og ufrivillig tømme seg for urin og avføring. Å være vitne til at kjæledyret ditt mister bevisstheita og får slike kraftige krampeanfall er frykteleg skremmande.  Sjølv om anfalla som regel er over etter eit par minutt, så er opplevinga av ei slik hending så dramatisk at tida mest står stille. Det fekk eigarane til engelsk springer spaniel tispa Luna erfare. Hunden deira hadde runda 6 år då det fyrste anfallet kom. Sidan kom anfalla hyppigare og hyppigare - fleire i månaden. Då tok eigarane kontakt med oss på Sogn Dyreklinikk. Vi føretok ei grundig, klinisk undersøking av Luna - inkludert ei rekkje nevrologiske testar. Alt virka heilt normalt. Blodprøva synte heller ikkje noko avvik - inga teikn på nyre- eller leversvikt som kunne forklare dei hyppige anfalla. Diagnosen idiopatisk epilepsi vart stilt, og Luna starta opp med epilepsimedisin. Slik medisinering vil som regel ikkje få heilt slutt på anfalla, men den vil ofte kunne redusere hyppigheita av anfalla og intensiteten i anfalla. Til å byrje med hadde epilepsimedisinen særs god effekt på Luna, og blodprøvene synte at levra hennar tolte medisinen godt. Men etter kvart kom diverre anfalla tilbake, og vi såg oss nøydde til å auke medisindosen. Då heller ikkje dette lét til å hjelpe, bestemde vi oss for å forsøke endå ein type epilepsimedisin i tillegg til den ho allereie fekk. Eigarane merka seg at Luna raskt forandra åtferd. Ho vart ustø i ganglaget, rastlaus og veldig «klengjete». Ho kunne ikkje lenger være åleine heime. Om lag tre månader seinare fekk ho atter epileptisk anfall - såkalla «kluster-anfall», der det eine anfallet avløyser det neste. I eit heilt døger heldt ho på før utallige doser med valium fekk stoppa anfalla. Då var både eigarane og Luna totalt utslitne. Eg hadde ein lang prat med eigarane i etterkant av dette, og avliving vart absolutt vurdert. Men Luna sine eigarar er særs dedikerte hundeeigarar, og dei gir ikkje opp ved fyrste krossveg. Dei spurde meg om det ikkje var noko anna dei kunne freiste, og då kom eg til å tenkje på ei forelesing eg nyleg hadde vore på i London. Der snakka dei om ein heilt spesiell ketodiett/lågkarbodiett som kan ha ein gunstig effekt på mange hundar med epilepsi. Studiar har nemleg kunna konkludere med at hundefór der hovudenergikjelda er basert på heilt spesielle feittsyrer som kallast MCT («medium chain triglycerides»), kan førebyggje epilepsianfall. Ein trur at MCT blokkerer somme reseptorar i hjernen. Over 70% av hundane i desse studiane synte ein reduksjon i talet på anfall, og heile 14% vart heilt frie for anfall. Eigarane til Luna fatta interesse for denne dietten med ein gong, og berre nokre dagar seinare hadde dei fått hundefóret i hus. Luna har no utelukkande ete dette fóret sidan juli månad, og har (bank i bordet!) ikkje hatt epileptiske anfall i denne perioden. Vi har til og med kunna trappe ned medisineringa, så Luna får no berre ein epilepsimedisin. Mange av dei leie biverknadene er difor borte. Om Luna er like stabil i fortsetjinga, vonar eg at vi framover kan redusere medisineringa ytterlegare - kan hende vert ho heilt medisinfri i det nye året.