Månadens pasient - april 2021 - Tussi

Når vi på Sogn Dyreklinikk kallar pasientane våre inn til den årlege vaksineringa, så er det ikkje berre for å gje dei eit sprøytestikk og sende dei heimatt. Vi føretek òg ei grundig, klinisk undersøking av dyret - frå snute til haletipp - for å sjekke at pasienten er frisk og rask. Slik var det også for Tussi, ei knappe 2 år gamal kastrert hokatt, då ho skulle ha vaksinen sin. Eg la raskt merke til at det var noko rart med pustinga hennar. Ho synte ei overdriven bruk av bukmuskulaturen for trekke luft inn og ut av lungene. Eigaren hadde òg lagt merke til den anstrengde pustinga og at Tussi ikkje hadde vore heilt seg sjølv dei siste par vekene. Ho hadde vore mindre aktiv enn vanleg, og hadde vorte litt tynnare. Då eg lytta på brystkassa til Tussi med stetoskopet, kunne eg knapt høyre hjarteslaga eller lungelydane. Her var det noko som ikkje stemde! Eg fekk tatt eit røntgenbilete av brystkassa og bukhola hennar, og då var diagnosen klar:  mellomgolvsbrokk. Når den vifteforma muskulaturen mellom brystkassa og bukhola rivner, vil undertrykket i brysthola (som normalt skal helde lungene utspilte) suge inn tarmane og andre indre organ. Då får ikkje lungene lenger rom til å utvide seg skikkeleg, og det vert tyngre for katten å puste. I verste fall kan ein slik skade gjere at dyret døyr - før ein rekk å bestille time hjå veterinæren. I somme tilfelle kan mellomgolvsbrokk òg være medfødd - då har dei ofte også andre innvendige misdaningar som gjer prognosen høgst usikker. Når det gjaldt Tussi, så var me sikre på at ho hadde vore heilt frisk dei førre gongene ho hadde vore innom klinikken hjå oss. Skaden i mellomgolvet hennar skuldast truleg fall frå stor høgde eller påkøyrsle av bil.

Pusteproblema til Tussi var så alvorlege at det påverka livskvaliteten hennar. Eigaren måtte ta eit vanskeleg val - anten få katten avliva, eller betale for ein kostesam operasjon med usikker prognose. Tussi var dessverre ikkje forsikra, men eigaren var likevel ikkje sein med å bestemme seg - ein så ung katt MÅTTE få sjansen til eit langt og godt liv, koste kva det koste ville! Nokre dagar seinare var vi klare til operasjon - 2 veterinærar og 2 dyrepleiarar. Narkosen er ofte ganske krevjande under slike inngrep, då undertrykket kring lungene forsvinn med ein gong bukhola vert opna. Då må dyrepleiarane manuelt overta pustinga til pasienten, og samstundes følgje nøye med på overvakingsutstyret som pasienten er tilkopla. Små feilgrep kan utgjere skilnaden mellom liv og død. Heldigvis gjekk operasjonen til Tussi heilt etter planen. Vi fekk dradd tarmane på plass i bukhola og sydd att rivna i mellomgolvet. Ho vakna fint frå narkosen, og vart sett inn i eit såkalla oksygenbur der vi kunne halde oppsikt med ho dei neste 24 timane. Tussi var ikkje sein med å ville ete. Ho virka ikkje brydd med operasjonssåret i det heile, og pusta fint og jamt. Derimot var ho EKSTREMT kosesjuk! Så det var rørande å sjå gjensynsgleda då eigaren kom for å hente ho neste dag.

No har Tussi vore på kontroll hjå oss og fått fjerna stinga etter operasjonen. Pustinga hennar er heilt normal og ho har lagt på seg over ein halv kilo. Eigaren er lukkeleg over den avgjersla han tok. Tussi har kan hende mista eitt av sine 9 liv, men no har ho i alle høve MANGE gode år framfor seg.