Månadens pasient - november 2021 - Swatch

Det er ikkje kvar dag ein er vitne til ei ekte Askepott-historie. Men då vi fyrste gong vart kjende med blandingshunden Swatch, så vart alle på klinikken gripne av den eventyrlege historia hans. Han vart funnen av dei noverande eigarane sine i ein bakgard i Portugal. Der stod han tjora fast med kjetting - heilt åleine. Han kunne knapt lee på seg, og ikkje hadde han noko skikkeleg krypinn heller. Der var ingenting som ga han ly for striregn eller steikande sol. Mat fekk han berre ein gong i dann og vann. Dei usle tilhøva var meint som straff for at hunden hadde vist seg å være heilt ueigna til å jakte villsvin. Nett som oksen Ferdinand var han ikkje i stand til å gjere ei flue fortred. I sju lange, miserable år stod Swatch bunde i denne bakgarden. Han var mager og ustelt. I pelsen krydde det av lopper, og tarmane var fulle av innvollsorm. Dei som skulle verte Swatch sin nye familie, hadde ikkje hjarte til å sjå på lidingane hans. Heldigvis fekk dei adoptere han, og med god mat og godt stell, samt fleire turar til den lokale dyrlegen, blomstra den vetle hunden. Han viste seg å ha eit herleg lynne til trass for den årelange mishandlinga.

Etter nokre år i Portugal valde familien å flytte til Sogn. Swatch fekk seg hundepass og vart sjølvsagt med på flyttelasset. Han fann seg fort til rette i det kjølige norske klimaet - han elska snøen! Men etter eit par månader brast diverre idyllen. Swatch vart alvorleg sjuk. Eigarane merka seg at han knapt ville ete, og han rasa ned i vekt. Han hadde òg hatt fleire episodar med oppkast og diaré. Pelsen var blitt tynn og mangla glans, og huda var sår og flassa mykje. Han var svak og nedstemd - eit ordentleg sørgmodig syn. På klinikken gjorde vi ei grundig klinisk undersøking av han. Vi analyserte både urinen og blodet hans - men vart eigentleg ikkje så mykje klokare. Swatch var blodfattig, eller anemisk som det heiter på fagspråket. Nyre- og leververdiane var litt forhøgde, og det var fleire ting som peikte i retning av ein betennelse eller infeksjon i kroppen. Men kor mykje vi enn undersøkte, så greidde vi ikkje å finne sjølve fokuset for ein eventuell infeksjon. Når ein 12 år gamal hund presenterer med slike alvorlege symptom, så tenkjer ein sjølvsagt på ulike kreftdiagnosar.  Det såg ikkje så lyst ut for stakkars Swatch. Men med tanke på at hunden hadde levd så å seie heile livet sitt i Portugal, så var det likevel nokre tropiske sjukdomar vi ville krysse av på lista før vi ga Swatch dødsdommen. Blodprøver vart sendt til Tyskland, og utan særleg mykje håp sende vi Swatch heim med skånekost, kvalmedempande medisinar og antibiotika. Men den dagen prøveresultata frå det tyske laboratoriet kom, fall alle brikkene på plass. Det herska nemleg ingen tvil om kva som feila Swatch - han hadde leishmaniose.  Hudforandringar, avmagring, anemi, lever - og nyreskadar - alt stemde! Leishmaniose er ein sjukdom som skuldast ein eincella parasitt som overførast mellom dyr og menneske når dei vert bitne av blodsugande sandmygg - også kalla sommarfuglmygg. Sandmygg finnast berre i tropiske og subtropiske område, så sjukdomen kan ikkje spreie seg i Noreg. Men den vert likevel rekna som ein såkalla B-sjukdom, så Mattilsynet skal alltid varslast.

Leishmaniose er ein kronisk sjukdom. Det er ikkje så lett å bli heilt fri for parasitten. Men heldigvis har det vist seg at den same medisinen som nyttast til menneske med podagra også held leishmaniose i sjakk. Vi var så letta då vi kunne skrive ut resept på denne medisinen til Swatch. Men Swatch hadde vorte veldig svak medan vi venta på prøvesvaret. Han kunne mest ikkje stå oppreist og hadde heilt slutta å ete. Familien hadde førebudd seg på at dette kanskje var slutten for Swatch - at det ikkje  lenger var dyrevernmessig forsvarleg å late han leve. Men det var noko med styrken i blikket hans som talte til oss. I samråd med eigarane ville vi ikkje gi opp før vi hadde forsøkt ein siste ting - nemleg ei kortisonsprøyte. Kortison høyrer til ei medikamentgruppe som kallast kortikosteroid, og desse medikamenta dempar kroppen sine immunreaksjonar. Men nokre av biverknadene til kortison er auka appetitt og ei kjensle av å ha meir krefter. Det var biverknadene vi var ute etter. Saman med uimotståelege levergodbitar håpa vi på eit mirakel for vesle Swatch. Og som i alle gode eventyr så var det akkurat det som hende. Kortisonsprøyta vart vendepunktet. Frå den dagen byrja Swatch å ete att, og han fekk i seg den livsviktige leishmaniose-medisinen. Sakte, men sikkert, betra allmenntilstanden hans seg.

Å sjå Swatch no er ei sann glede! Han har lagt på seg mange kilo, og pelsen hans er tett og jamn over heile kroppen. Ikkje minst er han ein hoppande glad hund, og han har energi i massevis. Familien hans er naturleg nok takksame, men det er vi òg. Takka vere Swatch har vi lært mykje om ein sjukdom som vi truleg kjem til å sjå fleire tilfelle av i tida framover  - no som det har vorte meir vanleg å reise med kjæledyr over landegrenser. Også har vi lært ganske så mykje om når det er rett å avlive ein pasient, og når det er rett å gi ein siste sjanse.

Ingjerd Leirstein Bøkenes