Månadens pasient - januar 2022 - Timbit

Det kan være temmeleg dramatisk når ein hund vert påkøyrd av ein bil. Og enda verre er det når ein sjølv er skuld i ulukka. Slik var det diverre for familien til den 4 år gamle blandingshunden Timbit. Dei var ute og køyrde ATV med tilhengjar, medan hunden sprang laus ved sida av. Alle hadde det kjekt, og hunden fryda seg. Men brått snubla Timbit i ein stein og hamna under tilhengjaren. Det fryktelege hylet vitna om at den tunge tilhengjaren hadde råka han stygt. Hunden kom seg på beina att straks etter ulukka, men halta og hadde tydeleg store smerter. Det var ein ulukksalig familie som bringa den skadde hunden sin til Sogn Dyreklinikk. Hunden spaserte sjølv inn på venterommet vårt, men kollapsa før vi rakk å ta han inn på konsultasjonsrommet. Vi såg at slimhinnene hans var heilt kvite, noko som vitna om at han hadde mista mykje blod. Då det ikkje var nokon ytre skadar som blødde, forstod vi raskt at det dreia seg om store indre blødingar. Skulle hunden ha nokon som helst sjanse å overleve, måtte vi få i han væske for å halde blodtrykket oppe. Vi la inn eit venekateter og kopla til drypp umiddelbart. Med tap av raude blodceller vert det mindre oksygenopptak frå lungene. Timbit pusta raskt og anstrengt. Han slappa betre av då han hadde fått litt smertelindrande medisin, og fekk puste 100% oksygen via maske.

Ultralydundersøking av buken til Timbit synte at den var full av blod. Røntgenbileta kunne avkrefte at blødingane skuldast brot i bekkenet.  Vi sprøyta inn kontrastvæske i blæra hans for å sjå om den hadde sprekt i samband med påkøyrsla, med det hadde den heldigvis ikkje. Trass i alt vi hadde gjort for å stabilisere pasienten, vart han stadig svakare. Det var tydeleg at dei indre blødingane ikkje hadde stoppa. Vi forstod då at skulle hunden ha ein sjanse for å overleve, så var vi nøydde til å leggje han på operasjonsbordet. Å leggje ein så svak pasient i narkose ville òg være ein stor risiko, men vi hadde ikkje noko val. Familien til Timbit var einig - dei orka ikkje tanken på å ikkje ha forsøkt ALT for å redde han.

På Sogn Dyreklinikk nyttar vi gassanestesi ved alle store operasjonar. Då har vi full kontroll over luftvegane, og kan enkelt regulere narkosedjupna. Timbit vart kopla til monitoreringutstyr, slik at vi òg kunne følgje med på hjarterytmen, blodtrykket, pustefrekvensen og oksygenprosenten i blodet hans. Utruleg nok fekk vi han til å liggje veldig stabilt i narkose. Sjokket kom då vi opna buken hans… ALDRI før i heile mi lange veterinærkarriere har eg sett så mykje fritt blod i buken på ein hund som framleis var i LIVE! At Timbit hadde mista meir enn halve blodvolumet sitt herskar det ingen tvil om. Då vi hadde fått tømt buken for blod, vart det klart at ein sprukken milt var årsak til dei valdsame blødingane. Milten er eit organ som bidreg til å produsere, filtrere og lagre blod. Det er òg ein del av kroppen sitt immunsystem. Trass i desse funksjonane, kan ein leve eit heilt normalt liv utan dette organet. Milten vart difor fjerna, buken sydd att og Timbit vakna overraskande greitt frå narkosen. Og det fyrste han gjorde var å logre - som for å seie takk for hjelpa til operasjonsteamet!

Sjølv om operasjonen hadde gått fint, var Timbit framleis svak. Dagen etter ulukka låg han framleis berre i senga si. Men då han høyrde nokon seie ordet «ball», kara han seg på beina og føta seg ut i hagen på leit etter yndlingsleiken sin! Vi var likevel ikkje sikre på at han skulle klare seg før vi såg tydelege teikn på at kroppen hans produserte nye raude blodceller. Berre 4 dagar etter ulykka kunne vi med stor lette fortelje Timbit sin familie at blodprosenten hans nesten var heilt normal. Gleda var enorm!

Det er heldigvis ikkje så ofte vi må utføre akuttkirurgi på kritisk skadde dyr. Det krev stor innsats frå alle tilsette på Sogn Dyreklinikk. Då er det ekstra givande når pasientar som Timbit overlever utan varige mein, og kan få være med familien sin på mange spennande eventyr i åra som kjem.