Månadens pasient - november 2022 - Sofus

Det har nok aldri hendt før at vi på Sogn Dyreklinikk har overteke ein pasient som veterinærane ved fleire av dei store klinikkane i Bergen har gjeve opp. Men det var akkurat det som var tilfelle med den 10 år gamle hannkatten Sofus. Store delar av livet sitt har han eigentleg gått for lut og kaldt vatn. Eigaren hans brydde seg ikkje om han, og Sofus måtte klare seg sjølv så godt han kunne. Då katten for om lag 2 år sidan plutseleg fekk eit stort ope sår på sida av nakken, var det ein nabo som ikkje lenger klarte å sjå på lidinga hans. Det var openbart at eigaren til Sofus ikkje hadde planar om å ta med seg katten til veterinæren, så naboen bestemde seg for å ta saken i eigne hender. Han overtala eigaren til å gje frå seg eigarskapet, fanga deretter inn katten og transporterte han til næraste dyreklinikk. Der fekk Sofus god pleie, og såret vart stelt etter alle kunstens reglar. Sofus fekk etter kvart kome heim og bu hjå den gode naboen. Der fekk han godt med mat og mykje kjærleik, men lukka var diverre kortvarig. Såret på halsen ville nemleg ikkje gro. Det skulle verte mange turar til dyreklinikkar rundt om i Bergen. Sjølv om Sofus ikkje hadde vorte behandla godt av den førre eigaren sin, så var han likevel uvanleg snill og medgjerleg. Sjeldan var det behov for bedøvande middel, og veterinærane fekk ta alle typar prøvar utan problem. Blodprøvane synte at Sofus elles var frisk – ingenting kunne forklare kvifor såret hans stadig væska og ikkje ville gro. Så då vart det meir sårstell og den eine antibiotikakuren etter den andre. Og alt dette betala den gode naboen av si eiga lomme. Det er godt det enno finst miskunnsame samaritanar i samfunnet vårt!

Etter 2 år med behandling var såret til Sofus framleis ikkje grodd. Den gode naboen måtte av personlege årsaker kaste inn handkleet og be Dyrebeskyttelsen om å ta over omsorga for katten. Ein fosterheim i Sogn takka ja til å ta imot Sofus, og derfrå vart vegen til Sogn Dyreklinikk kort. Vi fall alle saman pladask for denne søte, kjælne katten. Såret på halsen var ikkje så stort, men det væska ut frå to små opningar. Vi vart einige om at det einaste logiske steget vidare i utreiinga no var kirurgi. Vi opna opp såret og reinska vekk betent vev. Då oppdaga eg ein slags kanal eller fistel som hadde retning endå djupare inn i muskulaturen. Eg vart litt sveitt med tanke på alle dei «skumle» strukturane som er i dette området – blodkar, nervar, luftrøyr og spiserøyr. Men eg følte at eg ikkje hadde noko val. Sofus hadde lide nok. No MÅTTE vi finne årsaka til at såret hans ikkje ville gro. Djupt inni nakken hans støytte eg brått på noko brunt og hardt… Eg forstod med ein gong at dette var ein framandlekam som absolutt ikkje høyrde heime der han låg – tett inntil og parallelt med luftrøyret. Eg greip fatt i han med instrumenta mine og lirka han varsamt ut. Det viste seg at framandlekamen var ein pinne på heile 3,5cm! Og der hadde han lege i nærare 2 år… Korleis pinnen hamna inni nakken hans, er det berre Sofus som veit. Uansett var det ein utruleg tilfredsstillande følelse å endeleg løyse dette mysteriet. Sofus har no vore inne på kontroll og fått fjerna stinga etter operasjonen. Såret på halsen er ikkje lenger synleg. Fórverten hans seier òg at ho merkar ei tydeleg endring i åtferda hans. Han har vorte endå meir aktiv og leiken etter at ubehaget forsvann.

Sofus fortener den aller beste for-alltid-heimen. Snillare katt finst ikkje. Om du som har lese historia hans tenkjer at du kan gje han kjærleik og omsorg gjennom dei siste leveåra hans, så nøl ikkje med å kontakte Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane på telefon: 930 23 767. Måtte vi alle ha eit hjarte som den gode naboen .

Ingjerd Leirstein Bøkenes