Julemat til dei firbeinte

I jula kan det være veldig freistande å gje litt ekstra god mat til våre firbeinte vener, slik at dei og kan ta del i høgtidsfeiringa. Dei fleste av oss eter relativt feit mat til jul, slik som til dømes ribbe, medisterkaker, julepølse, pinnekjøt og feite sjysausar. Dette er mat som ikkje bør gjevast til hundar eller katter. Mat som inneheld mykje feitt kan mellom anna forårsake bukspyttkjertelbetennelse (pankreatitt), som i verste fall kan være livsfarleg. Symptoma på denne sjukdomen er ofte feber, oppkast, diaré, magesmerter, dehydrering, slappheit og generell nedstemtheit. På Sogn Dyreklinikk har vi moderne blodanalysemaskinar og hurtigtestar som raskt og enkelt kan bekrefte diagnosen, slik at vi kan komme i gang med korrekt behandling så tidleg som mogleg.

Vi oppmodar alle dyreeigarar til heller å gje kjæledyret litt ekstra kos og merksemd i jula.

Ingjerd Leirstein Bøkenes