Redninga for lydredde hundar
Det er mange hundar og hundeeigarar som allereie har byrja å grue seg til nyårsafta. Lyden av fyrverkeri utløyser sterk angst og redsle hjå mange firbeinte. Tidlegare har veterinærar måtta forskrive resept på ulike humanpreparat til denne pasientgruppa - med varierande effekt. Men no har det endeleg komme eit veterinærpreparat på marknaden, som har ein testa og dokumentert effekt på hund. SILEO® er det fyrste veterinærlegemidlet som er godkjend for å lindre akutt angst og redsle hjå hund utløyst av uvand lyd (utan å gjere hunden døsig). Medisinen er ein gel som gis rett i munnen på hunden, mellom kinnet og tannkjøttet, med ei praktisk sprøyte. Behandlinga startar ved fyrste teikn til uro.
SILEO® er reseptbelagt, så kontakt veterinær i god tid før nyårsafta om du ynskjer å prøve denne medisinen.
For somme hundar er det nok at ein følgjer desse råda:
· Spel av lyder som liknar på fyrverkeri i vekene før nyårsfeiringa.
· Gje hunden ein plass å være som skjermar den for lys- og lydinntrykk.
· Det finnast duftstoff å få kjøpt, som til dømes ADAPTIL® spray, som kan verke roande på hundar (seljast hjå veterinærar). Vi menneske kjenner ikkje lukta.
· Syt for at hunden er sliten på nyårsafta - gå lange turar i forkant.
· Ikkje kjeft på hunden om han vert redd for fyrverkeriet.
· Hald deg roleg når det smell, gje godbitar og vær saman med hunden.
· Ikkje ta med hunden ut for å sjå på fyrverkeriet.
· Gje hunden mat i god tid før rakettstart. Å være sliten og mett er positivt.