Kastrerings- og steriliseringskampanje 2019
Sjølv om gradestokken framleis ikkje syner så mange varmegradar, så syner kalendaren at våren er her. Og med lysare dagar er kattane sin paringssesong i gong. For å unngå uønska kattungar, oppmodar vi alle katteeigarar om å få kattane sine kastrerte/steriliserte. I veke 13 og 14 (25.mars - 6.april) vert det kampanjedagar på kastrering og sterilisering av kattar på Sogn Dyreklinikk. I samarbeid med Dyrevernlaget Indre Sogn gjev vi heile 30% rabatt på desse operasjonane dersom katten samstundes vert ID-merka med mikrochip (om katten alt har mikrochip, får ein likevel 30% rabatt på kastrering/sterilisering). Om ein ikkje ynskjer at katten skal ID-merkast, vert rabatten på inngrepa 10%. Kattane må være minimum 5 månader gamle og over 2kg.
Dyrevernlaget Indre Sogn (mob: 45812261) låner gjerne ut feller til fanging av skye og redde gardskattar i kampanjeperioden.
Ta kontakt med oss for tinging av time på telefon 57112040, eller via heimesida vår www.sogndyreklinikk.no.