Månadens pasient - februar 2019 - Vilja
Det er ikkje kvar dag vi får besøk av ein rykande fersk TV-kjendis på klinikken vår. Men nyleg fekk vi helse på hunden Vilja frå den populære NRK-serien «Superhundene» - ein heilt fantastisk lærenæm og godlynt omplasseringshund, som saman med den nye eigaren sin har vorte eit superteam. I TV-programmet såg vi at Vilja til tider kunne være litt vilter, og det har vist seg at løpetidene hennar har vore spesielt utfordrande. Ho mister lett fokus på treninga, og då vert kvardagen vanskeleg. Vi bestemte oss difor for å kastrere Vilja, slik at ho ikkje skal få fleire løpetider.
I mange land er det vanleg å rutinemessig kastrere hannhundar og tisper i ung alder, men dette er ikkje tillate i høve den norske dyrevelferdslova. Lova er streng for å hindre unødvendige kirurgiske inngrep på dyr. All kirurgi utset dyret for belastningar og potensielle komplikasjonar, som til dømes smerte, blødingar og infeksjonar. I Noreg er det difor berre lovleg å kastrere hundar dersom det er naudsynt ut frå omsynet til hunden sin helse eller velferd. Hjå tisper kan dette være tilstander som sukkersjuke, livmorbetennelse, innbilt svangerskap eller store humørsvingingar gjennom brunstsyklusen. Hannhundar med testikkelkreft eller unormalt høg kjønnsdrift, kjem også inn under dette punktet. Lova gjev i tillegg rom for at kastrering kan være naudsynt av det vi kallar «særskilde grunnar». Med dette meiner vi hundar som skal brukast til heilt spesielle oppgåver, som til dømes førarhundar og visse andre tenestehundar (som Vilja), der kastrering bidreg til at dei fungerer betre i jobben.
På Sogn Dyreklinikk gjer vi alt vi kan for at kirurgiske inngrep skal være så lite belastande som mogleg for pasientane våre. Då Vilja vart operert nytta vi gassanestesi. Dette er ei skånsam form for narkose der vi kjapt kan endre narkosedjupna. I tillegg fekk ho væske iblanda smertestillande medisinar intravenøst gjennom heile operasjonen. Med moderne overvakingsutstyr hadde vi også kontinuerleg registrering av viktige, vitale parametrar som temperatur, hjartefrekvens, EKG, blodtrykk, oksygenmetting i blodet, andefrekvens og konsentrasjonen av karbondioksid i utandingslufta. Ikkje uventa hadde superhunden ein supernarkose! Begge eggstokkane og livmora til Vilja vart fjerna. Etter operasjonen fekk ho på seg ein flott, grøn, tettsitjande body, for at ho ikkje skulle byrje å sleikje på operasjonsåret. Ho vart sendt heim med smerteplaster og smertestillande tablettar. Eigaren fortel at Vilja har det særs bra etter kastrasjonen. Ho er roleg og avslappa, og verkar ikkje smertepåve rka. Om knappe to veker kjem ho inn til oss for å få fjerna stinga. Vi gler oss til å sjå att denne glade hunden, og håpar at dette er starten på litt rolegare og meir føreseielege treningsøkter for det nye superteamet!
�