Månadens pasient - april 2019 - Milo
For ei veke sidan fekk vi besøk av ein artig liten Malteser-gut som heitte Milo. Eigaren hadde lagt merke til at hunden hadde smerter på eine sida av hovudet, og at smerten truleg stamma frå det eine øyret. Vi forventa at Milo hadde ein vanleg øyrebetennelse, som sjølvsagt kan være ubehageleg nok. Overraskinga var difor stor då vi fann den verkelege orsaka til øyresmerten - ein gigantisk flått i øyregongen! Ikkje rart Milo hadde vondt. Med ein flåttfjernar gjekk det heldigvis lett å fjerne flåtten.
Skogflåtten (Ixodes ricinus), som er den vanlegaste flåtten her i landet, er ein blodsugande midd som kan være berar av ulike sjukdomsframkallande bakteriar og virus. Likevel er det sjeldan at flåtten overfører sjukdom. Dei sjukdomane som fyrst og fremst er rapporterte i Noreg er borreliose og anaplasmose. Begge desse sjukdomane gjev uspesifikke symptom som mellom anna dårleg allmenntilstand, feber, nedsett appetitt og teikn på smerte. På Sogn Dyreklinikk har vi hurtigtestar som syner om hunden kan være smitta av desse sjukdomane. Mot borreliose finnast det no vaksine.
Flåtten er hovudsakleg utbreidd i Sør-Noreg og langs kysten. Men ein aukande hjortedyrstamme og mildare klima, gjer at flåtten spreier seg stadig lenger nordover. Flåttsesongen reknast vanlegvis frå mars til november. Flåtten festa r seg helst der hunden har tynn hud, det vil seie i andletet (og i øyra!), under buken, på innsida av låra og rundt endetarmsopninga. Di lenger flåtten syg blod frå hunden, di større er sjansen for at den kan overføre smitte. For å fjerne flåtten er det best å bruke ein flåttfjernar. Men det aller beste er sjølvsagt å førebyggje flåttangrep. Apoteka har mange ulike flåttmiddel - både dropar til å ha i nakkeskinnet, tyggjetablettar og halsband. Alle preparata er reseptpliktige, så ein må ringje veterinæren fyrst. På Sogn Dyreklinikk gjev vi råd om kva for eit preparat som passar best til hunden din.
Milo har no fått tyggjetablettar mot flått, og har heldigvis ikkje hatt meir nærkontakt med dei ekle småkrypa.