Ny veterinær - Elise Berg Hustveit
Frå og med måndag 3. august 2020, vil veterinær Elise Berg Hustveit være fast tilsett hjå oss på Sogn Dyreklinikk.
Elise er oppvaksen i Sogndal, og vart i sommar ferdig med veterinærstudiet sitt i Brno i Tsjekkia. Der valde ho å fordjupe seg innan disiplinane smådyr, klinisk patologi og eksotiske dyr. Spennande!
Heilt sidan Sogn Dyreklinikk starta opp i 2017, har Elise kome jamt og trutt og hatt praksisperiodar hjå oss. Vi merka oss med ein gong at dette var ei særs kunnskapsrik jente som verkeleg glør for faget! Då vi no innsåg at vi trengde ekstrahjelp på klinikken, var vi ikkje seine med å spørje Elise om ho var interessert i å jobbe fast hjå oss. Lukka var stor då ho svara JA!
I tillegg til jobben på Sogn Dyreklinikk, deltek Elise også i den kommunale veterinærvakta for Sogndal, Luster og Leikanger.