Avføringsterapi

Å bruke avføring frå eit friskt individ til å behandle den sjuke tarmen til eit anna individ, høyrast kan hende ganske avskyeleg ut. Men det handlar ikkje om kvakksalveri. Idéen om å bruke avføring som medisin oppstod i Kina for fleire tusen år sidan. Pasientar med diaré fekk drikke «gul suppe», som bestod av vatn og avføring frå ein frisk person. Her i Vesten har humanmedisinen tilbydd ein litt meir raffinert versjon av denne behandlingsmetoden til pasientar med kroniske tarmsjukdommar heilt sidan 1950-talet. I dag er metoden i bruk ved mange norske sjukehus. Ein ser at tarmfloraen hjå pasientar med ulike tarmlidingar ikkje er i balanse. Ved å overføre avføring frå ein frisk person, overfører ein eit heilt økosystem med fleire tusen bakterieartar som samarbeider godt. Desse etablerer seg permanent i tarmen og gjenoppretter normal tarmflora. I mange tilfelle er verknaden av behandlinga spektakulær. Det skjer difor også mykje forsking på tarmfloraen si rolle overfor andre sjukdommar i kroppen, som til dømes Parkinsons sjukdom og multippel sklerose. Avføringsterapi er neppe ein mirakelkur for alt, men det er ingen tvil om at det er eit særs spennande konsept.

Veterinærmedisinen har for lengst også fatta interesse for denne behandlingsmetoden. Studiar syner at ein imponerande mengde hundar med kroniske tarmsjukdommar, som til dømes irritabel tarm (IBD),  responderer godt på avføringsterapi. Etter å ha vore på kurs med ein spesialist på emnet frå veterinærhøgskulen i Edinburgh, Dr. Silke Salavati, har Sogn Dyreklinikk med stor entusiasme no teke i bruk denne behandlingsforma. Vi er veldig nøye med å berre nytte avføring frå friske donorhundar – difor tyr vi oftast til dei hundane vi har i blodgjevarkartoteket vårt. Fersk avføring vert blanda med fysiologisk saltvatn og deretter silt for å fjerne hår og større partiklar. Pasienten får ei roande sprøyte før vi overfører avføringsvæska til tjukktarmen via ein lang sonde inn endetarmsopninga. Sjølve behandlinga tek om lag 15 minutt. Etterpå let vi pasienten kvile i 30-60 minutt før vi vekkjer han opp.

Avføringsterapi er ei enkel og smertefri behandling, som er heilt fri for biverknader. Eit kronisk tarmproblem er ofte utmattande for både pasientane og eigarane deira. Vi er difor glade for å kunne tilby eit alternativ til den konvensjonelle behandlinga. Sjølvsagt vert ikkje alle tarmpasientane våre kurerte med denne behandlingsmetoden, men så langt er resultata lovande.

Om de ynskjer å få vite meir om avføringsterapi, er det berre å ta kontakt med oss på Sogn Dyreklinikk. Sjekk gjerne ut denne lenkja også:

https://tv.nrk.no/serie/viten-og-vilje/sesong/1/episode/1

Ingjerd Leirstein Bøkenes