Endoskopi

Eit endoskop er eit fleksibelt røyr med lyskjelde og kamera, som kan brukast til innvendig undersøking av ulike kroppsholer. På Sogn Dyreklinikk gjerast endoskopi alltid med dyret i full narkose. Dette er naudsynt for å kunne gjere ei grundig undersøking, men også fordi endoskopet er særs kostbart. Pasientane må liggje heilt i ro. På ein skjerm får vi opp eit klårt bilete av innsida av organa vi undersøkjer. Endoskopi er ei skånsam prosedyre med få biverknader. Ofte kan dyra sleppe ein stor operasjon. Vi kan ta vevsprøver via endoskopet, og nokre gonger også fjerne framandlekamar frå spiserøyr og magesekk. Frå luftrøyr og lunger kan vi ta skyljeprøver for å få ut celler og eventuelle bakteriar. Vi kan også finne parasittar ved hjelp av same metode.